Eit trettitalls bogeskyttera vart samla til 3D stevne i Tveitedalen på Utåker., 11. og 12. mai.

Løypa var lagt i omlag same område som NM skal arrangerast i om vel 3 mnd. då er det venta ca 150 skyttera til Kvinnherad.

Stevne denne helga samla skyttera frå heile vestlandet, også nokre av landets beste skyttera som til vanligt er å finna på landslaget deltok. Dei ville nok bruka muligheten til å få eit nermare innsyn i NM traseen og også prøva å klara VM kravet, for såleis å kvalifsera seg til VM i Canada til hausten.

Det blei skutt både med og utan sikte, compound klassen med sikte og  instinktiv og langboge klassen utan siktemidler.

Lokale helter

Og at dei lokale skytterane ikkje blir listefyll i NM fekk vi klar prov på denne helga. Frank Johnsen viste flott skyting på søndagen og vant instintivklassen, medan Atle Helland vant compoundklassen begge dagar. 

NM Arena i august

Men mest gledeligt av alt var kansje alle dei gode tilbakemeldingane arrangøren fekk frå dei tilreisande, den beste 3D løypa vi har gått var ord som var nytta frå tilreisande.

Såleis er det greit å vite at løypetraseen og oppsett av løypa held mål til eit NM arrangement.

Frukost på “senga”

Ein anna ting som gjorde denne helga fullkommen var alle frivillige som stilte opp. Både lørdag og søndag morgon kl 06 stilte fire damer opp og laga kjempeflott frokost til deltakarane i tillegg til kiosksalg og varmmat heile helga. Når ein i tillegg har godt samarbeid med idrettslaget Ternen og positive grunneigarar blir alt så mykje enklare. Med andre ord generalprøven til NM var absolutt tilfredsstillande.

 

Tekst: Atle Helland

Foto; Terje Haugen